Tenester
-
System og organisering
Mykje tid går med til å leite om ein ikkje får tid til å systematisere og organisere dokument og korrespondanse. Eg hjelper deg gjerne med å få orden på det du treng å finne fram gjennom arbeidsdagen.
-
Utforming av dokument og prosedyrer
Eg kan hjelpe deg med å utforme malar, fylle ut kontrakter med korrekt informasjon, oppdatere eller utvikle prosedyrer.
-
Rekruttering
Mykje skal gjerast når ein eller fleire nye medarbeidarar skal rekrutterast. Eg kan stå for det administrative arbeidet gjennom heile eller delar av prosessen. Hugs at ein rekrutteringsprosess skal opplevast som god, også for alle søkjarane som får avslag. Dei er ambassadørar for seinare rekruttering.
-
Omsetjing og teksting
Eg tilbyr omsetjing frå engelsk, dansk og svensk til norsk (nynorsk eller bokmål). Omsetjing frå norsk til engelsk kan vurderast ut frå kompleksitet. Om du har behov for teksting av filmsnuttar og videoar, så tilbyr eg også det.
-
Språkvask og korrektur
Skrivefeil og slurvefeil er uheldig og kan i verste fall skade omdømet til bedrifta. Eg tilbyr språkvask og korrektur av skriftleg materiale på nynorsk, bokmål og engelsk. Dette kan til dømes vere dokument, prosedyrer, rapportar, pressemeldingar, sosiale media og nettsider.
-
Arrangement og reiser
Konferansar, personalarrangement, kundeseminar, messedeltaking, firmatur, reiser, julebord, jubileum og gåver. Alt dette krev prisinnhenting, planlegging og førebuingar. Dette kan eg ta meg av, heilt eller delvis, etter dine behov.
-
Fakturering og bilagsarbeid
Får du ikkje tid til å fakturere etterkvart? Eller er det vanskeleg å halde oversikt over kvitteringar og billag? Det er viktig å ha orden og struktur på faktureringa slik at inntekta er der når kostnadane skal betalast. Eg kan assistere eller ta heile jobben.
-
Oppdatering av nettsider og sosiale media
Får du aldri tid til å oppdatere nettsida eller kontoar på sosiale media? Eg kan hjelpe deg med dette.
-
Andre administrative tenester
Har du behov for tenester som du ikkje finn på denne sida? Ta kontakt, så tek vi ein uforpliktande prat.