Personvern

Føremålet med mi handsaming av personopplysningar
I samband med kundeforhold må W-ORD innhente opplysningar som namn, adresse, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er informasjon W-ORD utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. W-ORD tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data W-ORD har lagra om deg. Om eit kundeforhold vert avslutta vil W-ORD ta vare på dine data så lenge det er hensiktsmessig, med tanke på å kunne hjelpe deg med eventuell historikk, om du skulle ha behov for det.

Utlevering av personopplysningar til tredjepart
Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege styresmakter.

Kunderegister
W-ORD sitt kunderegister inneheld opplysningar om kunden som selskapsnamn, adresse og informasjon om kontaktpersonar hjå kunden, og opplysningar om kva tenester og produkt kunden har avtale om.

Informasjonskapslar
W-ORD nyttar informasjonskapslar, også kalla cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida samtykker du i at W-ORD kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Cookies gir oss kunnskap som vi nyttar til å gi deg ei betre kundeoppleving neste gong du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida
Eigar: Squarespace/Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande brukar nettsida. W-ORD nyttar denne informasjonen for å lage rapportar slik at nettsida kan gjerast betre. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal på besøkande på nettsida, kvar dei kjem i frå og kva sider dei besøker.

Kontaktskjema
Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar W-ORD denne informasjonen i kunderegisteret. Denne informasjonen vert lagra for å kunne yte betre kundeservice. W-ORD etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig.

Deling
Det er mogleg å dele artiklar frå nettsida i sosiale medium. Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.

Innsyn, retting og sletting
Etter personopplysningslova har den enkelte krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om ein sjølv. Innsyn kan ein få ved å vende seg til merethe@w-ord.com. Dersom registrerte opplysningar er feil, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan du krevje dette i henhold til personopplysningslova.

Ansvarleg databehandlar
Dagleg leiar i W-ORD er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkomande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. W-ORD søkjer til ei kvar tid å følge gjeldande regelverk for personvern. Har du spørsmål, ta kontakt på merethe@w-ord.com.